tirsdag 23. august 2011

Ein aldri så liten tur innom...


Ein liten tur innom kyrkjebyggjet idag, tysdag 23. august. 
Kjekt å sjå at brikkane fell på plass, ein etter ein!

Kjøkenbenkar og ventilasjon har byrja kome på plass, 
men enno gjenstår det ein heil del montering.
Ein del av teppet på scena er lagd, 
og trappetrinna gjenstår å monterast.
Kontrollhjørnet for lyd, lys og media er på plass, 
det ventar no berre på utstyret som skal settjast inn.
Det er stor takhøgde i nyesalen, med kvite og lyse veggar.
Toaletta i hovudetasjen er lyse og fine.


Stolane til kyrkjetorget er kvite, og dei er særs enkele å stable.
Iherdig dugnadsinnsats – med målarkosten som verktøy! 


Heile byggjet skal få eit nytt strøk med kvitmåling 
før opninga den 11. september 2011.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar