Ein liten tur innom kyrkjebyggjet idag, tysdag 23. august.
Kjekt å sjå at brikkane fell på plass, ein etter ein!
Kjøkenbenkar og ventilasjon har byrja kome på plass, men enno gjenstår det ein heil del montering. |
Ein del av teppet på scena er lagd, og trappetrinna gjenstår å monterast. |
Kontrollhjørnet for lyd, lys og media er på plass, det ventar no berre på utstyret som skal settjast inn. |
Det er stor takhøgde i nyesalen, med kvite og lyse veggar. |
Toaletta i hovudetasjen er lyse og fine. |
Stolane til kyrkjetorget er kvite, og dei er særs enkele å stable. |
Iherdig dugnadsinnsats – med målarkosten som verktøy! Heile byggjet skal få eit nytt strøk med kvitmåling før opninga den 11. september 2011. |